FORUT logo
Om FORUTPolicyKontaktPresseNyheter som RSS
Hjem Stilling ledig Nyheter Prosjektland Temaer Kampanjer FORUTs barneaksjon Indrani Bakgrunnsstoff Bilder Fortellinger Spill, oppgaver, oppskrifter Fra barnehager og skoler Skoleløpet Kampanjenyheter Støtt FORUT FORUT-partner FORUT prosjektpartner FORUT-nytt/Publikasjoner English Nettbutikk Lenker

4/2003 >  På studietur med FORUT - ei veldig spesiell oppleving

På studietur med FORUT - ei veldig spesiell oppleving

Her på Sri Lanka har me no kome til slutten av FORUTstudieturen vår, og mykje har skjedd. Det heile starta med at Nils Johan spurde Torunn om dei skulle dra til Sri Lanka med FORUT. FORUT hadde lyst ut i Motiv at to juventere kunne få vere med på ei vekes studietur til øya som ligg i det indiske havet. «FORUT????» tenkte Torunn, «er det sånn at man skal redde verden???»
26.11.2003
Nils Johan Garnes og Torunn Kristoffersen
Kl 07:00 Gardermoen: Reiseleder Eva Braaten samla troppane, ei allsidig gruppe. Nils Johan og Torunn frå Juvente, og elles deltakarar frå FORUTs eigarorganisasjonar IOGT, IOGT Junior, FORUT-partnerar, tilsette ved FORUT og deltakarar frå skule- og barnehage-prosjektet. Dei fleste var ganske mykje eldre enn oss, men dei var veldig hyggelege og me vart kjende med dei fort. Mange av oss hadde ikkje vore på Sri Lanka før, men ein av dei hadde vore der heile fem gonger før (på 70- og 80-talet) og hadde derfor masse nyttig info å kome med.

Gateteater:
Etter ein lang flytur og ein dag til å kome oss på, kom studieturen igang med orientering frå FORUT Sri Lanka (SL). Dei er ein stor organisasjon på Sri Lanka med fleire regionale kontor, mange tilsette og utallige prosjekt. Juvente (då heitte det Noregs Godtemplar Ungdom) starta allereie i 1967 arbeidet i Jaffna, nord på S.L. Dei starta Cey-Nor, ein fiskebåtfabrikk og ein fiskegarnfabrikk. I dag er prosjekta retta mot gjenoppbygging etter borgerkrigen som starta for 20 år sidan og arbeidet har spredd seg over heile Sri Lanka. Me vitja Jaffna i to dagar, det var ei veldig spesiell oppleving. No er det våpenkvile, men området er herja av krigen, hus er bomba og regjeringas hær er der for å holde orden. Allikevel lev folk sine vanlege liv og arbeider med å byggje opp landsbyane sine. Me vonar at fredsprosessen som er i gang kan føre til varig fred i landet.

Noko av det FORUT jobbar med, er å bygge opp mange grasrotorganisasjonar, og ein av desse arrangerte eit gateteater der me var invitert. Dei hadde mykje song og musikk i teateret sitt, men me er ikkje så drevne på tamil endå så me forstod ikkje så mykje. Men det handla om alkohol/narkotika/tobakk-problematikk. Me vart tekne imot som konge og dronning og fikk eit merke i panna og ei slags velsigning med olje over hovudet. Kvar gong noko stort skal skje, startar det med tenning av ei oljelampe. Dette var me med på fleire gongar. Menneska i landsbyen og lankeserar generelt er veldig gjestfrie og mange av dei søte ungane i landsbyen tok del i underhaldninga, som varte og rakk…

Sjølvsagt er det stor forskjell på å vere her og å vere heime. I Oslo er det kanskje snø og minusgradar, medan me svettar konstant og solkrem og myggstift hjelp oss ikkje akkurat med å halde oss reine . Lufta er klam og sola steikar, det er krise om straumen går så airconditionen stoppar. Då er det godt med hotell med basseng kan dykk tru. Me køyrer rundt i tuk-tukar (trehjulingar) og et is på kjøpesenter. Isen er god og mild, verre er det med maten… Av og til sit me og grin og snørret renn, fordi maten er så sterk! Og brennande lepper er kvardagskost. Det smakar godt, men det er av og til litt vanskeleg, fordi dei et jo med hendane, og berre høgre hand, fordi venstre brukar dei til noko anna… Så me sit og kavar og grisar litt, men me blir som regel gode og mette! Som turist er det jo ganske masse alternativ mat, McDonalds, Pizza Hut og andre kjente ting. Til forskjell frå Noreg så er det å gå på McDonalds ein overklasseaktivitet, og ganske så få som har råd til å gå dit. Litt rart…

Etter at dei andre andre norske på studieturen hadde dratt heim, venta Juvente-delegasjonen på 15 svenske ungdomar fra Ungdomens Nykterhets Forbund (UNF). Me hang oss på studieturen deira (me vart invitert altså) og reiste rundt med dei på øya i ti dagar. Denne turen var ganske annleis enn FORUT-turen, og det vart lagt meir opp til at me skulle bli kjent med ungdomar frå FORUT og frå ADIC (Alcohol and Drug Information Center i Colombo), som kan samanliknast litt med Juvente. Dei driv med forskning og informasjon, men har også ungdomsgrupper med eit alternativt miljø slik som me har. Me var med dei å aksjonere mot eit stort bryggeri som har sleipe øl-reklamar, og var ute på ein nattklubb for å teste utelivet. Det var ein onsdag kveld med få folk ute så bartendarane blei glade når det kom 30 stk inn i klubben deira og dansa med hela i taket. Dessverre så tjente dei ikkje akkurat så mykje pengar på oss! (hehehe) Me hadde det også gøy med ungdomane frå UNF, me skøya og tulla, vitja einannan på hotelromma, plaska i bassenget og kosa oss i lag. Ein veldig trivelig gjeng å reise med! Dei gav oss eit innblikk i kva dei jobbar med og me utveksla erfaringar. Både dei og me er interesserte i eit nærare samarbeid mellom organisasjonane våre.

Etter nesten ei veke i storbyen Colombo, deltok me på FORUTs First International Youth Camp i den muslimske byen Puttalam. Dette var ei spesiell hending, både for oss og for FORUT. FORUT har ungdomsgrupper rundt i landet og no samla dei tamilar og singalesarar for fyrste gongen. Det har dei ikkje greid før, på grunn av borgarkrigen. Så til saman var me 400 ungdomar og me hadde utfluktar, demonstrasjonstog mot alkohol igjennom byen, kulturkveld og fotballkamp. Har noken av dykk nokon gong spelt fotball med 33oC i skygge og over 40 i sola? Det har me! Og t-trøyene var ikkje akkurat tørre etterpå!
Dette har vore ein skikkelig bra tur, me kjenner oss veldig engasjerte og er takksame for at me vart plukka ut til å vere med på turen. Til neste studietur burde du også søke. Dette har vore eit minne for livet, mange nye vener har me også fått. Til slutt eit ynskje om fred på Sri Lanka.
dot

Neste artikkel:

Forrige artikkel:

Innsamlingskontrollen

FORUT, Solidaritetsaksjon for utvikling
Boks 300, 2803 Gjøvik, Tlf: 611 87400, Fax: 611 87401, E-post: forut@forut.no
FORUTs kontonr: 7220.05.36348

Dette nettstedet er muliggjort med støtte fra NORAD