FORUT logo
Om FORUTPolicyKontaktPresseNyheter som RSS
Hjem Stilling ledig Nyheter Prosjektland Temaer Kampanjer FORUTs barneaksjon Indrani Bakgrunnsstoff Bilder Fortellinger Spill, oppgaver, oppskrifter Fra barnehager og skoler Skoleløpet Kampanjenyheter Støtt FORUT FORUT-partner FORUT prosjektpartner FORUT-nytt/Publikasjoner English Nettbutikk Lenker

Share this:

Legen som valde gatebarna

Han er mørk og flott - som ein filmhelt frå Bollywood. Fødd og oppvaksen i ein normal mellomklassefamilie og med gode resultat på skolen, kunne han levd eit komfortabelt og skjerma liv blant Indias privilegerte. Slik skulle det ikkje gå. Eit sjokkerande møte med gatebarn frå slummen i Bangalore snudde opp ned på livet til Kshithij Urs i 1993.
Barnetekke: Kshithij Urs har ei utruleg evne til lå oppnå kontakt med barn, som alltid flokkar seg rundt han.
– Eg visste ingenting, absolutt ingenting, om korleis forholda var for dei som levde i slummen. Ikkje noko av det eg hadde lært heime eller på skolen førebudde meg på det som venta då eg tilfeldigvis sa ja til å vere vikar i éi veke for ein studiekompis som hadde medisinsk praksis på Nammane (APSAs skole- og treningssenter for gatebarn). Eg møtte ei verd som var totalt framand for meg – og brutalt nedverdigande. Det verste er nesten at vi levde side om side utan å vite om kvarandre!

Tre dagar i lag med barn frå slummen var altså nok. Kshithij bestemte seg for å bli! Skabben som florerte, den elendige hygienen, den grelle kontrasten til dei omgivnadene han sjølv kom frå – alle inntrykka var overveldande. Kshithij såg den kroniske fattigdomens sanne andlet og melde frå til studievennen at han gjerne ville halde fram på senteret. Og slik vart det. Ein frivillig innsats tre dagar i veka blei gradvis utvida, og seks månader seinare var Kshithij tilsett på full tid som lege og opplæringsansvarleg ved Nammane – etter at han sjølv hadde fremma forslag om det. Da hadde han allereie i vekesvis jobba lange dagar for å ta seg av flest mogleg av dei barna som trong medisinsk hjelp og oppfølgjing.

– Eit av dei sterkaste minna eg har frå den første tida, er dei to søstrene som kom til kontroll etter at dei var blitt misbrukte seksuelt av familien dei var hushjelper for. Begge jentene, 10 og 12 år gamle, testa positivt for HIV. Den gongen måtte vi kontrollere den første målinga mot ei ny blodprøve. Den andre prøva viste at berre den eldste av jentene var smitta av det dødelege viruset. Den yngste var frisk og kunne såleis framleis hjelpe til med å skaffe familien inntekter. Dermed valde mora å sende den yngste dattera tilbake til den same rike familien som hadde misbrukt jentene i første omgang.

Vi spør Kshithij korleis noko slikt er mogleg – om ikkje ei mor sin kjærleik overfor eigne barn normalt vil styre handlingane sjølv i slike tragiske tilfelle?

– Dette er fattigdomens tragiske brutalitet. Når ungar blir offer for overgrep, skjer det som regel i situasjonar kor dei er heilt hjelpelause og utan støttespelarar. Mange let seg lure fordi «tilbodet» dei får lèt til å vere ein vanleg jobb. Skulle foreldra sjå faren, kjenner dei seg likevel tvinga til å ta sjansen. Fattigdomen definerer handlingsrommet. Nokre ungar drar også heimefrå heilt på eiga hand for å leite etter noko betre. Truleg ville mange av oss gjort det same. Bu- og leveforholda i slummen og den skrikande mangelen på alt, ikkje minst plass, reduserer drastisk aversjonen mot og terskelen for å utsette seg for risiko. Ein tar store sjansar for å kome seg bort frå dei elendige tilhøva. Også ei mor som etter kvart skjønar kva dattera hennar blir utsett for, kan nok delvis fortrenge den informasjonen viss forholda heime er ille nok.

Kshithij seier at sjølv om rike og fattige lever side ved side i dagens India, så veit dei med god råd i regelen ikkje noko som helst om situasjonen til dei som bur i falleferdige skur på den andre sida av gata. Fattigdom er aldri noko tema på dei beste og mest attraktive skolane, kor folk frå dei øvre og mellomste klassane normalt sender ungane sine. Sjølv opplever han at at det kan vere vanskeleg å forklare andre i familien og omgangskretsen kva arbeidet hans går ut på. Dei sosiale skilnadene mellom folk, og dermed også forskjellane i interesser og kunnskapsnivå, er rett og slett for store.

– Dei fleste familiemedlemer og slektningar, inkludert svigerforeldra mine, forstår ikkje så mykje av kva vi gjer. Humanitært arbeid tyder for mange berre det å gi gåver. At vi kjempar for fundamentale menneskerettar og prøver å gjere barn og ungdom sterkare og i stand til å stå på eigne bein, blir fort for abstrakt eller fjernt. Kona mi har blitt overraska meir enn éin gong når ho har vore med meg på faglege arrangement om for eksempel barnearbeid. Ho visste ikkje at det var så mange som brydde seg om dei same problemstillingane, men sjølvsagt hender det at eg møter folk som er oppriktig interesserte og nysgjerrige på det vi held på med. Mora mi er ein slik person; ho har støtta meg heile vegen!

Som nyutdanna lege ville Kshithij opprinneleg starte eigen klinikk. Til det trengde han 15 000 rupiar, eit pengebeløp det ikkje viste seg mogleg å oppdrive. Faren hadde på det tidspunktet berre pensjonen sin å leve for, og Kshithij måtte gi opp tanken. Det er han ikkje bitter over i dag.

Kvinnegruppe: Møte med medlemmer i ei kvinnegruppe i eitt av slumområda.
– Eg har ikkje angra eit sekund! Arbeidet for og med gatebarn har gjort meg til eit nytt menneske. Dei fleste av omgangsvennene mine i dag er kollegaer i APSA eller andre frivillige organisasjonar. Eg har lært enormt mykje på desse ti åra og opplever at eg er med på noko viktig kvar einaste dag.

Kshithij gifta seg i 1999. Kona er dataingeniør, og saman har dei dattera Ischanika på fire år.

Kshithij ser ingen teikn på at dei store klasseforskjellane i India er på retur – eller at økonomisk fattige generelt sett er i ferd med å få det betre. Han trur den globale liberaliseringsbølgja som skyller inn over stadig nye kontinent og regionar, også Sør-Asia, har visse positive verknader for dei som høyrer til mellomklassane i samfunnet, medan dei som står nederst på den sosiale og økonomiske rangstigen, i India vil det seie fattigfolk og lågkastefamiliar, berre blir ytterlegare marginaliserte i prosessen.

– Heller ikkje på medisinstudiet lærte vi noko om fattigdomens vesen. Eit anna problem er den totale mangelen på respekt og menneskeleg omtanke enkelte viser i møte med folk frå dei lågare sosiale klassane. Eg har opplevd legar som ikkje sjølve ønskjer å røre ved ungane frå slummen når dei skal undersøke dei. I staden ber dei om hjelp frå andre gatebarn til det som inneber direkte kontakt med «skitne og ureine pasientar». Slike haldningar bidrar til å halde oppe det store gapet mellom dei økonomisk sett rike og vellykka og dei mange lutfattige i dagens India.

Kshithij er i dag direktør for FORUTs partnerorganisasjon APSA (Association for Promoting Social Action), som mellom anna driv skole- og treningssenteret Nammane. Han demonstrerer sjølv ein imponerande omsorg og respekt i møte med storbyens aller fattigaste. Ikkje minst har han eit fantastisk handlag med barn, seier dei som har sett han i aksjon. Legepraksis blir det lita tid til no. Som programansvarleg for 13 omfattande prosjekt i to storbyar (Bangalore og Hyderabad), som alle tar mål av seg til å fremje likeverd og sosial rettferd for gatebarn, barnearbeidarar og andre ungar frå fattige kår, har han sett seg nøydd til å overlate dei medisinske oppgåvene til andre.

– Det blir mest administrativt arbeid på meg for tida. I tillegg prioriterer eg høgt å delta i allianse- og nettverksbygging mot andre menneskerettsorganisasjonar samt å drive politisk lobbyarbeid overfor styresmaktene. Læringskurva har vore bratt, og vi har gjort oss mange tøffe, men rike erfaringar dei siste åra. Eg er svært lykkeleg over det vi har greidd å få til og den rolle vi spelar på vegne av utsette barn i vår del av verda. Personleg har eg ikkje minst lært mykje om det å leie og omstille ein organisasjon til å bli stadig betre og sterkare – erfaringar eg aldri ville ha fått om eg «berre» hadde praktisert som lege desse åra.

Kshithij legg altså ikkje skjul på at det har vore mykje hardt arbeid og tunge stunder undervegs, men no trur han at APSA sin posisjon er relativt trygg og stabil. Organisasjonen har om lag 100 tilsette pluss mange frivillige. – Det er nok mellomleiarane våre, dei som koordinerer all innsats i felten, som har dei tøffaste arbeidsdagane. Dei er involverte i alt arbeidet vi gjer på gateplan og møter livets harde realitetar direkte gjennom innsatsen til feltarbeidarane. Samstundes må dei halde aktivitetsnivået innanfor stramme økonomiske rammer. Dei er derfor i ein svært krevande og til tider vanskeleg skvis-situasjon, men vi har eit fantastisk godt team med folk som støttar kvarandre som best dei kan – noko som er uhyre viktig ettersom forholda vi arbeider under er så krevande.

Det er lett å misse motet og kjenne seg makteslaus i ein by som Bangalore. Av rundt åtte millionar innbyggjarar lever 1,5 millionar i slumområde, som det finst ca 1000 av i storbyen. Frå skeptikarar får APSA stadig vekk høyre at uansett kva organisasjonen gjer, så er det ingenting som eigentleg nyttar. Dei fattige vil alltid tigge på gata eller sende ungane ut i arbeid, prostitusjon eller på søppelhaugen for at dei skal tene nokre rupiar til familien. Nokre hevdar til og med at dei fattige sjølve ikkje er særleg interesserte i å endre situasjonen.

– Slike påstandar kan vi sjølvsagt ikkje ta for god fisk, men dei peikar på noko vesentleg: At det å få til varige endringar i livssituasjonen for dei aller fattigaste er uhyre vanskeleg. Det finst til dømes mødre som i desperasjon, men med fullt overlegg, dopar ned ungane sine og lèt dei vere svoltne i lang tid, også babyar så unge som 8-10 månader gamle, i håp om å få større pengebidrag frå folk som passerer dei på gata fordi ungane da ser ekstra dårlege og sjuke ut. Slike problem lar seg naturleg nok ikkje løyse over natta. Vi må derfor aldri gi opp eller tenke at innsatsen vår ikkje nyttar. Da har vi tapt i utgangspunktet, meiner APSAs programdirektør.

Innsamlingskontrollen

FORUT, Solidaritetsaksjon for utvikling
Boks 300, 2803 Gjøvik, Tlf: 611 87400, Fax: 611 87401, E-post: forut@forut.no
FORUTs kontonr: 7220.05.36348

Dette nettstedet er muliggjort med støtte fra NORAD