FORUT logo
Om FORUTPolicyKontaktPresseNyheter som RSS
Hjem Stilling ledig Nyheter Prosjektland Temaer Kampanjer FORUTs barneaksjon Indrani Bakgrunnsstoff Bilder Fortellinger Spill, oppgaver, oppskrifter Fra barnehager og skoler Skoleløpet Kampanjenyheter Støtt FORUT FORUT-partner FORUT prosjektpartner FORUT-nytt/Publikasjoner English Nettbutikk Lenker

3/2005 >  Kva reklame er verst?

Kva reklame er verst?

Eg er medlem i Juvente og skuleåret 2004/2005 deltar eg i Fredskorpset Ung, ei utveksling mellom Sund folkehøgskole og bondeorganisasjonen Kab'awil i Guatemala. Som ein del av opphaldet mitt har eg hatt ein periode der eg har gjort eit eige prosjekt. Eg har brukt tida mi på å observere tre forskjellige uteplassar; ein lokal bar, ein kafé og bar i turiststrøket og eit moderne diskotek.
28.05.2005
Ellen Bjølseth
Ta meg: «Tómame» tyder «ta meg» og ølreklamen spelar både på sex og drikking.
Målet for prosjektet var å sjå på kva type folk som fantes der, kva reklame som var der og kva folk drakk. Eg vil i denne artikkelen drøfte reklamefunksjon og påverknad i eit bysamfunn.

Den lokale baren
Den lokale baren er til for å drikke i. Ingen tvil om det. Her er det lite skilnad på dagane, og det er berre menn som går her. Dei fleste er her for å møte folk, snakke litt, og drikke. Her er det plass til alle som vil, og om ein er under lovleg grense, er det ingen problem. Lokala er av dårleg standard: eit hus som er nærmare eit treskur enn ein kafé, med nokre plastbord og krakkar og ein slags heimelaga bar. Veggane er fulle av reklameplakatar som viser lekre jenter i bikini med ei ølflaske i handa eller unge, vellykka, kjekke menn som sit i ein fancy bil på stranda og har det kult. Det er liten samanheng mellom realiteten i baren og det plakatane viser, men verker reklamen likevel?

Diskoteket
Det fyrste som møter meg på diskoteket er store guatemalanare, muskuløse i boblejakker og telefonpropp i øret. Dørvaktene er som henta frå Noreg. Men, det er ikkje berre dei som minner meg meir om Noreg enn om Guatemala. Musikken er internasjonal, drikka i baren er internasjonal og folk i stilige, korte kjolar eller kule dressar med sleik i håret og den dyre mobiltelefonen lett synleg kjem ut av bilane med DVD-spelarar. Her er det om å gjere å sjå og bli sett.

Reklamen her er på ein annan måte. Eg ser ingen plakatar av dei lekre jentene, for her er dei levande! I inngangen er det to søte jenter i utringa topp og kort kjole som ynskjer meg velkommen på vegne av tobakksfabrikanten «Kool», og dei gir meg ei reklameeffekt i handa. På alle borda står det pakker med Kool-røyk. I dag var det røyk dei reklamerte for, men det kunne likegodt ha vore alkohol.

Turistkafeen
Denne plassen er for turistar. Den ligg midt i Parque Central der alle turistane er. Dei har engelsktalande kelnerar og internasjonal meny og drikke. På veggane er det eksotiske innslag frå Guatemala i form av tradisjonsklede frå forskjellige plassar rundt om.

Sjølv om det er mange turistar her, er det mange guatemalanare også. Eg ser ingen i «corte» eller «güipil», som er skjørtet og blusa dei fleste mayafolk brukar. Det går meir i «ropa americana», klede frå USA. Her er det fest kvar dag, for backpackere og språkskuleelevar og andre. Det går i øl, kaffe og sprit.

Kva er verst?
Alle plassane har «si» reklame, men likevel er det same virkemiddel. Reklamen gjer at folk skal hige etter noko betre, ynskje seg til noko anna, og ved å drikke det rette merket kan ein komme seg litt nærare dette betre, fantastiske og flotte.

Men, blir den skitne mekanikaren med tre tenner og utolja klede meir attraktiv fordi han drikk det rette merket? Til ei viss grad trur eg alle blir påverka av plakatar, men det er lang avstand mellom desse to realitetane, og dermed er kanskje ikkje påverknaden så stor? Verre er det for dei to andre plassane. Når dei to søte jentene på diskoteket røyker Kool, då må jo dei andre som røyker Kool også bli kule, ikkje sant?

Størst påverknad meiner eg likevel «dei kvite» på turistkafeen har. Dei forsterkar det inntrykket av kvite som kjem gjennom reklameplakatar, filmar og såpeoperaer til folk her i Guatemala: at dei kvite er dei vellykka. Dei kan drikke kvar dag, dei har pengar til å handle det dei vil, dei kysser heftig på gata, dei ler og har det kult. Det er lett å bli ein av dei «vellykka». Ein kan berre gå på den rette plassen og drikke den rette drikka, og ha på seg jeans og sminke, kysse med kven som helst, så er ein blitt ein av dei rike.

Det er ein av dei tinga eg ikkje liker i Guatemala: Å bli stempla etter alle dei stereotypiane som finst her. Men, stereotypane har si kjelde, så kven skal eg klandre?

Lova i Guatemala
Det finst eit lovverk i Guatemala som gjeld alkohol. Det er lov med reklame for alkohol, men med restriksjonar om plass og tidspunkt. All reklame skal ha ei åtvaring som dekker minst 10 prosent av plakaten, om at det kan føre til skade på helse og familieliv om ein nyter produktet.

Likevel får alkoholindustrien lov til å trekke alt litt lenger enn det som er lov. Ofte er åtvaringa ei lita line nederst med gjennomsiktig skrift. Eller sjølv om dei ikkje har lov til å reklamere på ungdomsarrangement, arrangerer dei store festar for skuleungdom før jol eller sponsar studentfestar med gratis øl. Det gjer at alkoholen alltid er ein naturleg del av alt som skjer, snik seg inn overalt. Dette, i tillegg til at mange vil «rømme» eller gløyme den tragiske situasjonen mange fattige guatemalanare er i, fører til at det er store problem i Guatemala på grunn av alkohol.
dot

Neste artikkel:

Forrige artikkel:

Innsamlingskontrollen

FORUT, Solidaritetsaksjon for utvikling
Boks 300, 2803 Gjøvik, Tlf: 611 87400, Fax: 611 87401, E-post: forut@forut.no
FORUTs kontonr: 7220.05.36348

Dette nettstedet er muliggjort med støtte fra NORAD