FORUT logo
Om FORUTPolicyKontaktPresseNyheter som RSS
Hjem Stilling ledig Nyheter Prosjektland Temaer Kampanjer FORUTs barneaksjon Indrani Bakgrunnsstoff Bilder Fortellinger Spill, oppgaver, oppskrifter Fra barnehager og skoler Skoleløpet Kampanjenyheter Støtt FORUT FORUT-partner FORUT prosjektpartner FORUT-nytt/Publikasjoner English Nettbutikk Lenker

Share this:

Alkohol-forskar: - Bli meir politiske!

- Generelle informasjons- og haldningskampanjar for å få bukt med dei negative konsekvensane av alkoholbruk er sjeldan effektive. Det som verkar er eit strengt reklameforbod og lovpålagte reguleringar som effektivt reduserer tilgangen på alkoholhaldige drikkevarer!
Internasjonal avtale: – Det som kan sette fart i arbeidet mot alkoholens utbreiing til stadig nye delar av verda, er ein internasjonal avtale i form av ein konvensjon som behandlar alkohol særskilt og ikkje som ein ordinær vare på linje med andre produkt, meiner Robin Room.
Dette var den klare meldinga frå australske Robin Room, ein av dei fremste alkoholforskarane i verda, på eit seminar om alkohol som utviklingshinder i regi av FORUT under den internasjonale veka på Gjøvik og Hamar nyleg. Oppfordringa hans til dei frivillige organisasjonane var:
– Legg om kursen og bli meir politiske!

Room, som er sosiolog og medforfattar av ein internasjonal studie om alkoholbruk og alkoholrelaterte problem i utviklingsland, meiner den tradisjonelle satsinga på informasjons- og haldningskampanjar, blant anna retta mot skoleelevar, må erstattast av meir direkte lobbyarbeid overfor politikarar og styresmakter dersom kampen mot alkoholen skal vinne fram.

– Det er dessverre lite sannsynleg at «mjuke» strategiar som til dømes generelle informasjonstiltak, haldningskampanjar, alkoholfrie aktivitetar og åtvaringar mot helsefarane ved alkohol, har nokon vesentleg effekt. Derimot er det lett å prove at tiltak som regulerer den fysiske tilgangen, som bestemte salsdagar og avgrensa opningstider, strenge straffer for bilkøyring i alkoholpåverka tilstand samt eit absolutt reklameforbod, verkar inn på så vel bruk og omsetnad som skadeomfanget knytt til alkohol.

Trass i at både Verdas Helseorganisasjon (WHO) og Verdsbanken for første gong på mange år igjen har uttrykt ein viss uro over dei helsemessige skadene og dei sosiale problema som følgjer av alkoholmisbruk, har ikkje Room tru på at fine ord i ein og annan resolusjon vil få mykje å seie i praksis:

– Det som kan sette fart i arbeidet mot alkoholens utbreiing til stadig nye delar av verda, er ein internasjonal avtale i form av ein konvensjon som behandlar alkohol særskilt og ikkje som ein ordinær vare på linje med andre produkt. I det lange løp vil eit slikt gjennombrot kunne få stor innverknad på korleis alkoholvanane utviklar seg, både i dei rike, alkoholmetta landa og dei nye marknadene i sør. Dette er etter mi meining den viktigaste utfordringa på rusfeltområdet i dag, og her har dei frivillige organisasjonane og sivilsamfunnet for øvrig ein viktig jobb å gjere.

Robin Room meiner altså at det internasjonale samfunnet bør fokusere på alkohol som eit nytt og felles gjennomgripande samfunnsproblem etter tobakken, men han innser at vegen fram er krevjande. Skal alkohol få same status som tobakk, må det arbeidast effektivt og strategisk frå mange hald og på mange nivå. For medan tobakk kan regulerast på bakgrunn av helsefagleg argumentasjon aleine, er situasjonen mykje meir komplisert når ein kjem til alkoholen.

– Alkohol er så mykje sterkare integrert i samfunnet og dei kulturelle uttrykka. Alkoholhaldig drikk har også ei lengre historie. Dei negative konsekvensane av alkoholbruk er ofte sosiale, og på dette området manglar vi framleis tilstrekkeleg dokumentasjon. Dessutan vert alkohol mange stader assosiert med dei øvste sosiale klassane og dermed knytt til moderne «verdiar» som status, rikdom og prestisje. Dette står i sterk kontrast til tobakk, som i mange rike land gradvis har blitt ei vare for arbeidarklassen og dei utan høgare utdanning. Dette gjer naturleg nok lobbyarbeidet ekstra problematisk, meiner Room, som dei siste fem åra har forska ved universitetet i Stockholm.

Han vedgår at globalisering og ei aukande sentralisering innan alkoholindustrien i mange tilfelle gjer arbeidet for sosial utjamning og økonomisk utvikling vanskelegare. Men på kort sikt ser han ikkje berre negative følgjer av at handelen blir meir internasjonal:

– Ettersom utanlandsk alkohol er mykje dyrare enn lokale varer i mange utviklingsland, kan dette i seg sjølv bidra til å halde konsumet nede. Globaliserte marknader kan dessutan gjere det lettare å kontrollere ulovleg produksjon, omsetning og smugling, avsluttar Robin Room.

Innsamlingskontrollen

FORUT, Solidaritetsaksjon for utvikling
Boks 300, 2803 Gjøvik, Tlf: 611 87400, Fax: 611 87401, E-post: forut@forut.no
FORUTs kontonr: 7220.05.36348

Dette nettstedet er muliggjort med støtte fra NORAD