FORUT logo
Om FORUTPolicyKontaktPresseNyheter som RSS
Hjem Stilling ledig Nyheter Prosjektland Temaer Kampanjer FORUTs barneaksjon Indrani Bakgrunnsstoff Bilder Fortellinger Spill, oppgaver, oppskrifter Fra barnehager og skoler Skoleløpet Kampanjenyheter Støtt FORUT FORUT-partner FORUT prosjektpartner FORUT-nytt/Publikasjoner English Nettbutikk Lenker

Share this:

- Stadig fleire barn blir misbrukte i Nepal

Borgarkrig og fattigdom er framleis kvardagsbildet i Nepal. I kjølvatnet vert grunnleggjande samfunnsstrukturar og tradisjonelle familieband øydelagde. Som så ofte elles er det dei som allereie lever under marginale forhold som må bere kostnadene. Organisasjonen Child Workers in Nepal (CWIN), som har eit eige program for utsette jenter, ropar no eit varsku om den aukande barneprostitusjonen i landet.
Uroleg: Sumnima Tuladhar og CWIN er uroleg over auken i talet på barn som vert fanga av kriminelle prostitusjonsmiljø og må leve som slavar.
– Prostitusjon er blitt eit stort problem, særleg i urbane strok. Vi har ingen offisiell statistikk å vise til, men uavhengige estimat slår fast at det berre i Katmandu-dalen er mellom fem og ti tusen prostituerte. Vi trur at minst 10 % av desse er under 16 år, seier Sumnima Tuladhar, CWINs informasjonsansvarlege.

– I tillegg veit vi at mellom to og tre tusen er smugla over til India som prostitusjonsslavar. Rundt 30% av desse er truleg barn under 16 år. Dei fleste har blitt lova ein jobb som det aldri blir noko av. Andre vert utsette for truslar eller direkte valdsbruk på vegen frå trøysteslaus fattigdom til eit rått og nedverdigande sex-slaveri.

Nepal har lovforbod mot både prostitusjon og hallikverksemd. På gateplan er det difor berre nokre få lavstatus-prostituerte som er synlege. Det meste skjer i det skjulte bak lukka og låste dører. Regjeringa vedgår at prostitusjonen er eit problem, men gjer lite utover det å proklamere fine ord. Mange definerer sal av sex som eit snevert «kvinnespørsmål» som samfunnet ikkje kan gjere noko med.

– Styresmaktene er ikkje seriøst interesserte i saker som har med kvinner og jenter å gjere. Heller ikkje prostitusjonstrafikken over grensa til nabolandet blir aktivt forsøkt hindra. Og indiske styresmakter seier berre at dette er Nepals problem, seier Tuladhar.

– Det gjer det sjølvsagt ikkje lettare at prostitusjonen har band inn til politiske miljø. For dei involverte er det mykje pengar som står på spel. I nokre tilfelle har også religiøse leiarar vore med og organisert trafikken. Nyleg vart mellom andre ein tidlegare buddhistmunk avslørt som bakmann for sal og misbruk av jentebarn, fortel ho.

Om Sumnima Tuladhar ikkje er så imponert over dei nepalske styresmaktene sin innsats på dette området, så har det gradvis skjedd positive endringar dei siste åra. Påverknadsarbeidet til CWIN og andre organisasjonar byrjer etter kvart å bere moden frukt – særleg innanfor politietaten.

– Vi hadde så mange forferdelege opplevingar med politiet. Tidlegare såg dei berre på oss som radikale bråkmakarar, og vi måtte nærmast tvinge dei til å ta affære overfor kriminelle miljø som utnytta og misbrukte barn. I dag er vi komne så langt at vi samarbeider! Vi er med og underviser politifolk i menneskerettar og om barnemishandling. Vi har til og med fått ein pris frå politidirektøren for innsatsen vår mot barnemishandling. Dette kunne aldri ha skjedd for ti år sidan, meiner Tuladhar, som håper at haldningsendringa i politiet vil spreie seg til andre statsnivå og slik sette dei organiserte miljøa som kynisk utnyttar fattige barn under sterkare press i tida framover.

CWINs posisjon som prinsippfast forsvarar av barns rettar i Nepal er udiskutabel. Organisasjonen var den første som sette barnearbeid og barns rettar i fokus, og er i dag direkte inne i 35 av 75 kommunar i landet. CWIN er den einaste frivillige aktøren med eit spesialprogram for utsette og misbrukte jenter. I alt 115 tilsette og om lag 50 frivillige hjelparar er med på laget. CWIN er medlem av den nasjonale komitéen som dokumenter brot mot menneskerettane og bidrar også aktivt i forhold til den asiatiske menneskerettskommisjonen (AHRC).

Fakta om den væpnede konflikten i Nepal


De åtte årene med konflikt er direkte årsak til at:
  • 317 barn har dødd (222 gutter, 92 jenter)
  • 230 er blitt såret (150 gutter, 80 jenter)
  • I 2003 har 36 barn mistet livet og 57 er alvorlig såret mens 17 barn er blitt arrestert.
  • I perioden januar-mai 2004 er 43 barn drept og 79 såret, mens 3801 ble «bortført» og 76 arrestert.
  • I mai 2004 er 3 barn drept og 19 såret. 2180 ble ”bortført” og 5 arrestert.

«Bortføring» består i at barn blir hentet ut av skolen av maoistopprørerne og gjennomgår et opplæringsprogram før de slippes fri igjen. Dette har ført til at mange foreldre er engstelige for å la barna gå på skolen, og mange barn får utdannelsen avbrutt.

(Kilde: CWIN-NRCIC)

Innsamlingskontrollen

FORUT, Solidaritetsaksjon for utvikling
Boks 300, 2803 Gjøvik, Tlf: 611 87400, Fax: 611 87401, E-post: forut@forut.no
FORUTs kontonr: 7220.05.36348

Dette nettstedet er muliggjort med støtte fra NORAD